Dikt

Jeg liker å skrive. Før, for lenge siden, skrev jeg dikt, nå skriver jeg spalter i aviser og slikt. PS. Våren 2020 hadde jeg prolaps, og da fikk jeg skrevet ca 40 nye dikt :-)

Se boklenker på lokalsiden vår

 

Tute og køyre (28.1.20)

Du, no ska du høyre

kan du ikkje køyre fint

i svingen der burte

Rypa plar beite der, i vegkanten

Nei, eg vil tute og køyre

 

Du, no ska du høyre

kan du ikkje byggje mindre

i randsonene til fjellet

Reinen plar beite der, særs

når det isar

Nei, eg vil tute og køyre

 

Men, vil du slett ikkje høyre?

Nei, eg vil tute og køyre

 

Alt dette vakre (29.1.20)

Alt det du ser, son

kan verte hyttebyar, flyplassar, parkering

 

Eller det kan vera som det er,

far - alt dette vakre

 

Vi må kanskje ikke berre

ha meir - og meir

men bruka det vi har

beitene, fiskevatna, den levande naturen

Alt dette vakre

 

Naturens verdi (23.2.20)

Ti millionar kroner

pengar som er gode å ha

Men far, eg elskar naturen

det er den som gjer meg glad

 

Ti millionar kroner

pengar som er gode å ha

Men far, eg elskar naturen

ikkje tivoli og spa

 

Ti millionar kroner

pengar som er gode å ha

Men far, eg elskar naturen

du må høyre kva eg sa

 

Ti millionar kroner

pengar som er gode å ha

Men far, eg elskar naturen

eg vil leva her kvar dag

Eg vil leva her kvar dag

 

Er det plass til meg (25.2.20)

De menneskje

de vil ha meir

de vil ha vekst

- ikkje berre mat og seng

 

Eg undrast-

er det plass til fuglar-

er det plass til meg?

 

Sin plass (27.2.20)

Det er plass til reinen

det er plass til kyr

det er plass til fuglar

-og ville dyr

 

Menneskjer - har og sin plass

men lag no hus-

og ikkje palass

 

La oss tenkje-

når vi "shoppar" og flyr

det må vera plass og

til fuglar og dyr

 

Dei store flatene (28.2.20)

Over kvite vidder

eit himmelrik

under kvite skyer

så himmelsk rik

 

Ein gløymer vel aldri

minner som det

sjølv om sommaren kjem

og snø bli bre

 

Minne (3.4.20)

So står fjella der

som bauta

over dei me mista

I morgon stig sola igjen

 

Ein song frå fjellet (27.4.20)

Flyg meg inn på vidda

ja, gje meg sjelefred

eg saknar eim av lyng, og

vil gjerne skode bre

 

Kose meg med synet

av sola som går ned

la draumen møte natta

la kroppen finne fred

 

Ja, gje meg slike dagar

då fjellet opnar seg

då det kjem nye fargar

og sola viser veg

 

Eg trivst so godt der inne

blant mose og blant lyng

det brenn seg fast i sinnet

ein song som fjellet syng

 

Blåtimen (13.5.20)

Det er tidleg

morgon

eg vandrar på

min veg

eg minnes sorg

og glede

det er kjensler

i kvart steg

det er kjensler

i kvart steg

 

Det store spelet (2.6.20)

Det store spelet

- dyr og fuglar

eng og mo, myr og fjell

 

Me kan ikkje rasera

tru at alt går bra

- likevel

 

Me må taka vare

fara fint -

det finst liv i lyngen

sjølv der det er skrint

 

Djupt i meg (5.6.20)

Djupt i meg

bålet og elden

 

Djupt i meg

stilla om kvelden

 

Djupt i meg

dyra på groen

 

Djupt i meg

lauvsprett på moen

 

Ljåen (9.6.20)

Ljåen skjer

rett ov

inga bøn

inga akedering

rett ov

Ingen diplomat - akkurat

 

Fjellskoen (11.6.20)

Alltid klar

ein arbeidskar

var - og varm om foten

Opp det bar

i gamle far

den neste høgdekoten

 

Liv og øyde (12.6.20)

Øydelegga

legga øyde

Kva er vel livet

utan fossekallen

utan havørna

utan reinflokkane

Utan naturlyd

- og utan stilla?

 

Fjellet (13.6.20)

Inne i fjellet

finn eg alt

og ingenting

- kva meir skulle ein be om?

 

Utvikling (19.6.20)

Elgkua snudde seg

- vår veg

kalven skjøna

Men so

der framme

stengt, maskinar

- kva no?

 

Sameksistens (20.6.20)

Himmelantennene

knytte jord og himmel saman

Titusenar av år

på leit etter mat

Spar denne naturen

Spar denne kulturen

 

Heim (25.6.20)

Det kalla

det ville

Einsemda

stille

 

Stor-stjerna

helste

Samkjensla

frelste

 

Kulturen

vår broder

Naturen

vår moder

 

Stølsbua (26.6.20)

Mellom det tamme

og ville

Mellom larm

og stille

Mellom det me ser

og anar

Mellom fridom

og ansvar

Me er gjester -

heimatt til Mikkelsmess

 

Vekst (27.6.20)

Alt er vorte so stort no

- gigantløner, flyplassar

og slikt

 

- Ja, eg høyrer det, sa Nils

so gjekk han for å stelle

sauene og hønene

 

 

Hesje (30.6.20)

Dei var staur

som sprikte

Snart sto dei

på geledd

 

Utbygging (1.7.20)

Grådyra sitt trekk

sidan pyramidane

hundreår etter hundreår

- so var det slutt

Menneska tok det

 

 

Trekk (5.7.20)

Grådyra sitt trekk

sidan den store isen

hundreår etter hundreår

- so var det slutt

Menneska tok det

 

Trekk (25.7.20)

Grådyra sitt trekk

sidan den store isen

No var det slutt

- framskrittet tok det

 

Bygga (26.7.20)

Dei ville bygga

for eva

Dei ville bygga

for borna

 

Audmjukt

ærbødig

- sin vesle plass

 

I vegen (27.7.20)

Det gamle huset

stod i vegen for

den nye vegen

Fleire vegar

nye vegar

større vegar

Det gamle huset

stod i den nye vegen

 

Fellingsløyve (rein) (29.7.20)

Dei vart felt

av nok eit

hyttefelt

 

Kveldsro (21.8.20)

Dei mangla ikkje noko

dei hadde eld

Stjernene ga mening nok

- det var kveld

 

-------------

 

Eit nytt år (31.12.20)

Kvifor finst noko i det heile

Univers, solsystem, Jordklode – alt slikt

 

Kvifor?

 

Kva er denne stemma i hovudet mitt, ein tenkjar

Pratar om ting... kva er det, kvifor det, og slikt

 

Andre gonger berre er eg,

berre ser eg

 

Framfor bålet

Stille

Vente på det nye året?

 

Gardskatten (25.2.20)

Ein gamalklok

"gentleman" av

ein gategut

 

Utferd (27.2.20)

Eg var'kje redd

eg drog ut

visste om farar

men var jo gut

 

Ville sjå-

koss det var

ute i verda

i andre far

 

 

I båt (4.2.20)

Utan armar

kan vi ikkje

kara til oss

 

Utan årer

kan vi ikkje

ta oss fram

 

Vi treng både armar

og årer-

og vissa:

i den store båten sit vi saman

 

"Findag" (19.2.20)

Fjellbygda funklar

- fjellbunad, findag

Det er fred

- og fest

 

Barneleik (9.2.20)

Eg såg det, biletet

Dei leika blant bomber

ikkje blant blomar

 

Eg ville, biletet

skulle takast om att

i ei rettvis verd

 

Kleggen (14.6.20)

Eg sat og drøymde

i vasskanten

Tid og tankar

flaug av stad

Med eitt stakk det til

i ryggen

Du er ikkje åleine

- må veta

 

Eit liv (29.2.20)

Eg hadde mine draumar

eg verka i mi tid

eg lærte og eg jobba

med hastverk - og med flid

 

Eg hadde mine sjansar

til å få noko til

eg lukkast og eg bomma

med bannskap og med smil

 

So la no desse versa

bli ståande som her

fortelje noko om at

det vart no som det er

 

Mangfald (9.2.20)

Ein skulegard

ei blomstereng

kjære mangfald

du engleveng

 

Morgonstund (20.4.20)

Han vakna

Den friske lufta

bar bod om liv

-om æve

 

Dette utsynet

denne rikdomen

gledde han

gledde sjela hans

 

Mangla ingenting (12.2.20)

Eg rulla ut soveposen

stjernehimlen over meg

Popmusikk, heilage bøker

ikkje då

-eg mangla ingenting

 

Segle (2.3.20)

Eg segla på ei sky-

eg var lett og eg var glad

-flaug over land og by

det var utsikt til kvar stad

Dette - det var livet

-og det som bakom er

ein vil jo berre segle

-i slikt eit segle-ver

 

Akedag (6.3.20)

Det er so moro

du kan'kje tru det

aka beint fram

og kanskje snu deg

 

Snurre rundt som ei

klinkekule-

det er so moro

ja, heilt utruleg

 

Vekst (6.2.20)

Meir elg

kvart år

større beiteområde

kvart år

større avling

kvart år

 

Nei, son,

gløym denne tanken om stadig meir vekst

Me må dele på det me har

forvalte med kjærleik og klokskap

 

Morgon (24.4.20)

Vakna opp

fritt utsyn

 

Landskapet snakka til meg

om alt som er

om æva

om gleda

 

Eg kjende ei ro

som også stjernehimlen

-kan gje meg

 

Fjellkvil (13.2.20)

Der oppe

hjå ørnene

Kjende meg så lett

inga bør

berre fridom

-tankefridom

 

Æva ved elden (9.3.20)

Eg sakna

bålet

lyset i

kvelden

Æva ved

elden

 

Dette vi har (11.2.20)

Mor mi

molda, utmarka, fjordane

far min

den blå himmelen

 

La oss taka vare på dette

La oss dele

med to- og firbeinte

og dei som kjem etter oss

 

No skjer det (24.2.20)

No kjem eg

ropar sola ein morgon

det er vårvinter

sein februar

 

Vi ventar

-på svarttrost og bokfink

dei kjem snart - vil

gjere seg klar

 

Solkonge (11.2.20)

Eg vil bestemme

eg veit jo svara

vil ikkje høyre

men makt bevara

Eg veit jo best-

eg veit jo best..

 

Medskapning (2.3.20)

Sett deg gjerne ned her

la meg gje deg eit smil

du er bra som du er

glad for at du er til

 

Saman (21.2.20)

Vedomnen varma

Vinden varsla

om ver

Vi vart der vi var

med omn og ved

 

Vedkubbane (10.6.20)

Ein kubbe her

ein kubbe der

Ein gong var vi eitt

og vi skal gjera jobben saman

Skapa trivsel, berga liv

Det er saman vi lukkast

 

Fjellrev-tid (1.3.20)

Eg kvilte augo

på holet i snøen

-tida stod stille-

medan ho gjekk

Like før midnatt

-kom det til syne

eit kvitfarga hovud

som opp av ein sekk

 

Lange liner (10.2.20)

Daudisgropa

frå istida

-ikkje frå IKEA

 

Dørhella (6.6.20)

Dørhella

-slitaren

fer stilt åt

Til å stola på

grunnfjell

-dørhella

 

------------------------------------



Himmelblåe tanker
(92)

Økonomisk vekst

vil gi oss en grønn klode

da kan vi nemlig betale

noen for å vaske

de svarte trærne

-ikke sant?


jente ved vann

Luftslott (92)

Hva slags glede,

kan man ha av Voltaire,

om man ikke aner hva krekling er?

Hva slags nytte,

kan man ha av Rousseau,

om man aldri har vært på en bondegård?

Hva slags glede,

kan man oppleve selv,

om man aldri har sittet alene en kveld?

Disse spørsmål,

jeg bringer på bane,

mot tvilsom kunnskap og dårlig vane!

Skodde (89)

Skodda sig innover oss

svekkjer våre sansar

gjer oss utrygge

kva er rett å gjera

Med eit lettar ho

alt vert klårt

kva jamra vi oss for


reinsdyr

Mine fjell (92)

Det er ikkje lett

å fatte at dei ikkje alltid

har vore som no

fjella

Dei gjev meg ei inderleg ro

fjella

Våk og rype varslar meg

og så er her atter ro

Koke opp ein kaffi-skvett

legge innpå ein bit skrå

Titte ut og sjå dagen eldast

Nordfjella, Villfjella, mine fjell

Bror i ånden (92)

På leit etter andre

som undrar seg

ein bror ved ei grind

ein stad på min veg

tankar er blodet

som blandar seg

slik vert bror min

ein del av meg


jente med vann

Mi hylle (92)

Eg undrast

om ho finnes

-mi hylle

passe brei

passe lang

-mi hylle



Når sola er borte midt på dagen (04)

tenker jeg at det er rart

rart om voksne bestemmer seg for å få barn

uten å tenke etter om det er rett,

om verden er slik at det er rett å føde barn inn i den

Når sola skinner tenker jeg at det vel er slik at vi er dyr vi og

Og at livet derfor er noe som skal gå videre

slik alle dyr vil at det skal

vi også

Andre igjen mener vi er mer enn dyr

Tror på evig liv

religion og Paradis

For dem er det kanskje lettere

Hvordan kan man føde barn om man ikke er sikker på at livet er verdt å leve

Egoisme?

Fordi det føles naturlig. Biologi?

Spørsmål om natur og eksistens. Tunge spørsmål.

Så skinner sola, folk smiler og naturen lever

Så godt det er


jente på strand

Min dag

Eg sit her under treet

 med ei god kjensle

ei god kjensle fell på

Eg neier, bukker

 klapper i hendene

viser meg fram

 for dei som vil sjå

For idag er eg helten, klovnen

 idag må eg leva

leva så mykje som rå


Mi bu (93)

Sunnhellerhytta

på bratte bergi

er du tufta

på berre trass

Men du vert nytta

med tak og veggji

heldt du føyka

frå min madrass

 

Hvitt hus (94)

Å bygge

et stort og hvitt hus

i Hol

vil gå an

vil være et signal

en nyskapning

et fremskritt

Gamle Hol pensjonat


Danse me ulver (96)

Jeg er ei gjest i naturen

 nei ei er jeg gjest

der hvor ulvene danser

 der trives jeg best

Der hvor ulvene danser

 der vil jeg bo

der hvor ulvene danser

 der finnes det ro

Spør ikke om stedet

 for stedet er mitt

vil du danse med ulver

 så finner du ditt

Du må elske naturen

 du må finne deg selv

der hvor ulvene danser

 der renner en elv

Du må kjenne den elven

 du må drikke dens vann

du kan danse med ulver

 men det krever sin mann

Det krever ditt hjerte

 det krever ditt sinn

vil du danse med ulver

 må du slippe dem inn

Når du danser med ulver

 så tenker du at

- dette er livet -

 dets dag og dets natt

 

Fornemme (97)

Hvis en sjaman er en som vet
er jeg en som fornemmer