Forbrukskrisa - skal vi heller velge andre verdier enn mer shopping og flere og større ting :-) ?

Forbruket i Norge har dobla seg på kort tid. Dette må vi vel få orden på, så vi sammen med andre land, kan løse naturkrisa og få ned CO2-utslippa. Og siden økt forbruk ikke gjør oss lykkeligere, så kan det kanskje kalles et unødvendig og ødeleggende ressursforbruk? Norge må bli mer bærekraftig - nå?

 

----------

Vekst (27.6.20)

Alt er vorte so stort no

- gigantløner, flyplassar

og slikt

- Ja, eg høyrer det, sa Nils

so gjekk han for å stelle

sauene og hønene

----------

 

 

 

Rein

 

Kilde: https://www.framtiden.no/aktuelle-rapporter/877-forbruket-flater-ut-men-er-langt-fra-baerekraftig

Se Sløsesjokket, NRK TIX' elektronikksjokk

Mange anbefaler finn.no

Fretex om forbruk-og-gjenbruk

Miljøagentene

Kanskje kjøpe litt mindre til jol?

Grønn jol?

Håpet ligger i ny satsing, forståelse, "sirkulær økonomi"? EU leder an?

Tips fra myndighetene

Skal vi si "nok nå" eller "leve nøysomt"?

Undertegnede på fjesbok, om folk og natur med videre

Ikke lykkeligere av doblet forbruk?

Handlefri

 

Lykkelig uten mer

 

Lykkelig uten mer?

Slow food

Fairtrade

Rettferdig handel, SNL

 

Verden, og vekst i forbruk

Verdenssamfunnet samles om å løse Naturkrisa (en veldig reduksjon i artsrikdom de siste tiåra), og ett middel er å begrense Global oppvarming. Så langt er den aller største trusselen ikke Oppvarming, men Arealbruken vår. Får vi kontroll med Forbruket, det galopperende volumet, bruk og kast, vil det ventelig føre til at det er mye lettere å løse disse store truslene mot vår eksistens.

Det "gode" med forbruksboomen er kanskje at vi har "handlet" flere hundre millioner kinesere ut av fattigdom, men kan en ikke løse slike utviklingsbehov, uten å ødelegge for økosystemene på kloden, og folk som kommer etter oss?

Hvordan kan en tenke seg en mer bærekraftig utvikling: Nivåene må spille bedre sammen enn før - det blir fort sprik og lite samarbeid, før og nå, ett eksempel - men framover 2021/2022, må en lytte, lære, på tvers og mellom nivåene.

PS. Og det er grunnleggende viktig å huske at lokalsamfunnet er noe mye mer enn kommunen (husk det i KS og SP :-) ), kommunen er én av aktørene som spiller sammen, sammen med ildsjeler, grendeutvalg, lag og organisasjoner, næringslivet mv., og sammen med andre nivåer :-)

Selv om diktet nedenfor "tuller" litt med lettlivede himmelblåe tanker, er det klart at venstresida lett kan bli grå (heller enn rød-grønn), tenke gamle arbeidsplasser, glemme å fornye i tide, tøye naturens rammer, mv., så alle politiske ståsteder må lære av hverandre, av andre, spille sammen, så skaper vi gjerne en litt annen utvikling, en utvikling vi og de etter oss kan leve bedre med:

 

Himmelblåe tanker

Økonomisk vekst
vil gi oss en grønn klode
da kan vi nemlig betale
noen for å vaske
de svarte trærne
-ikke sant?

(fra skrivebordsskuffen)

 

Ungdommene i Norge er heldigvis under opplærling: "Natursekken" :-)

Og bonden i hin hårde visste det: overlate garden/kloden i minst like god stand.. :-)

Nordiske foregangskommuner mv. 

Om ENØK

"Fotavtrykk" - hvor mange folk med høyt forbruk er det plass til på kloden?

Utdanning for bærekraftig utvikling

LOOP Miljøskole

Eksempel, boom i fjellet, areal-CO2-byggevarer, for kortsiktig tenkning?

Når land måles på levestandard OG økologi, er Norge bra med i verda, men ikke helt i toppen

Mer om levestandard-økologi statistikken fra FN

FIVH om forbruk

Det lokale og globale, det glokale - sjølve livet

Det lokale, glokal folkekraft, fellesskapsløsninger

Kan økonomisk vekst frikoples helt fra utslipp? Nytt innspill om forbruk, utslipp fra bærekraftprofessorer i Dagbladet 9.11.21

Det er avgjørende viktig å stille spørsmål. Lars Brustugun stiller gode spørsmål i Hallingdølen 9.11.21:

Tid og framtid
Tid er merkeleg. Kjem ho til oss, eller går ho frå oss? Borte blir ho i alle fall mellom fingrane på oss.

YTRING
Lars Brustugun. Pensjonist
Publisert: 09.11.2021 06:00
Den naturlege inndeling av tid er årstidene og natt og dag. Men så fann menneskja på å hakke opp tida. Fyrst i timar, men etter kvart i minutt og så sekund, og no er det til og med snakk om hundredels sekund når kappestriden er på det hardaste. Ja, ikkje nok med det, t.d. på aksjemarknaden er det snakk om millisekund og nanosekund når handelen går på automat. Tida går fortare og fortare, me blir pressa inn i framtida. Slik har kulturen vår vorte. Eller ukulturen.

Driv oss
Dette har innverknad på oss. Me blir meir og meir kortsiktige; alt skal skje på augneblinken. I tida me lever i, er det dette som skjer her og no som fullstendig dominerer. Media driv oss framover med oppjustering av nyheiter dagen igjennom; det er det siste, det nyaste som betyr noko.

Også politikarane våre lir av same sjuka, dei har lett for å ikkje tenkje lengre enn til neste val. Med dei krisene me er midt oppe i no, ville me ha ekstremt god nytte av styresmakter som evnar å tenkje langsiktig for titals år fram i tid. Og dei som sit på pengesekkane i næringslivet tenkjer neppe lengre enn til årsresultatet sitt; alt dreiar seg om kortsiktig profitt. Tankegangen er at verdi = profitt.

Evne
Me har evne til å tenkje både bakover og framover i tid. Lettast har me for å tenkje bakover. Der ser me kva formødrene og forfedrane våre tok seg til med, besteforeldregenerasjonen, oldeforeldra og mykje lengre tilbake i tid. Me gjer oss tankar om kva dei har hatt å seia for korleis me har det i dag.

Tenkjer me framover i tid, la oss seia eit hundreår til 2121, da er det du og eg som lever no som har vorte formødre og forfedre. Kva tankar kjem etterkommarane våre til å ha om oss, og det me tok oss føre med i 2021? Kva vil dei synast om korleis me takla kriser, og kva vil dei synast om korleis me for åt med naturen?

Nøkkelen
Det er styresmaktene me har no som sit med nøkkelen til å skape moglegheit for oss til å bli gode formødre og forfedre og skape ei betre framtid for ufødde generasjonar. Dei sit med eit oljefond som skal sikre velferd til framtidige generasjonar, men samstundes må dei bruke av det same fondet til å stå opp imot dei økologiske utfordringane som oljerikdommen skaper. Utsleppet frå oljen me eksporterer, vil råke komande generasjonar, også i vårt land. Det er uhyre lite den enkelte borgar kan innverke på dette. Alt står og fell med dei som sit på toppen og styrer.

I 2121 vil dei som lever da, ha same behov som du og eg har i dag. Dei treng rein luft å puste i, reint vatn og rein mat, mangfaldig natur og utsikter til eit godt liv framover for seg og sine etterkomarar. Har me ikkje rett til å forlange av dagens styresmakter at dei steller det slik at etterkommarane våre ikkje får grunn til å skamme seg over oss, eller endatil forakte eller hate oss som var formødrene og forfedrane deira? Jf. rapport frå Unicef som anslår at ein milliard barn er i ekstrem fare på grunn av klima- og miljøtrugsmål.

Det me kan
Bør ikkje kvar og ein av oss gjera det me kan for å inspirere, støtte og krevje av dei som har makt og mynde, at dei tek nødvendige grep i dagens situasjon? Me kan bli i villreie om kva for noko verksamt me kan gjera, men her blir aktivismen blant barn og unge stadig viktigare. I staden for å sjå på aktivistane som rebellar, burde me hylle dei som heltar og støtte opp under det dei unge gjer, også me som ikkje lenger er unge. Gje røyst til dei som enno ikkje har røysterett, som ikkje har ansvaret, men som eig framtida. Da kunne dei eldre verke modererande på altfor ytterleggåande handlingar, og ungdomsopprøret utvikle seg til å bli til ei folkereising. Ei felles folkerørsle for alle generasjonar, så kraftig at samfunnstoppane ikkje kunne ignorere den, men vart tvinga til handling til beste for klima og natur. Tenk om rørsla kunne bli verdsomspennande!

Stadig fleire vil innsjå alvoret i situasjonen me er i eller vil koma i. Dei vil meine at det er aktivistane hos oss og i andre land, og ikkje næringslivstoppar og politikarar, som representerer tankar om framtidig samfunnsnytte. Ein langsiktig samfunnsnytte som er til bate for alt og alle i heile verda, i staden for kortsiktig profitt med øydelegging av levevilkår for medmenneske og medskapningar for all framtid.

Når leiarane ikkje leier, må det press til nedanfrå, frå folkedjupet. Det kunne også gje ryggdekning til politikarar for å gå kraftig inn for natur- og miljøsaka i internasjonale fora. Det er der, i storpolitikken, det verkelege slaget omkring klimatrugsmålet står. Kva eit land som Norge gjer åleine, betyr lite om ikkje alle land i verda bidreg, særleg dei store. Men som det hastar! Me er tretti år på etterskot. Her kjem ikkje tida til oss, ho renner frå oss.